Mulig oppstart av skredsikring
Terrengtiltak av Reddasvora i 2016.
Prosjektomtale fv. 615 Reddasvora
Tiltaket omfattar sikring av Reddasvora med rasvoll. Det var meininga å skredsikre her i 2011, men då vart dette arbeidet stoppa til fordel for andre tiltak som hasta meir. Prosjekteringsarbeidet har såleis føregått nokre år. Prosjektet er kostnadsrekna til 11 mill. 2016- kr.
Prosjektet har tidlegare vore omtala som fv. 615 Bukollesvora, noko som skuldast forveksling av namn. I oversikta over skredsikringsbehov frå desember 2015 er dei omtala som eitt skredløp (Bukollesvora/Reddasvora). Avstanden mellom dei er i underkant av 100 meter, med ei samla utstrekning på 240 m. Det er Reddasvora som har hatt størst aktivitet. På synfaring 1. desember 2014 var det ikkje teikn i vegetasjonen på at Bukollesvora har hatt ras siste 10 åra. Reddasvora har gått fleire gonger dei siste 5-6 åra.
Framdrift
Då grunnundersøkinga først kan skje i mai, er tidligaste utlysningstidspunkt i siste del av juni 2016, og tidligast oppstart september. Det betyr at dersom framdrifta på andre rassikringsprosjekt gjer at det er mogleg å tilføre dette prosjektet meir midlar i samband med handsaming av 1. tertialrapport, kan det vera mogleg å utføre tiltaket i perioden september – november 2016. Alternativt kan det lysast ut vinteren 2017 og vi kan bruke sommaren 2017 til å gjera dette ferdig med løyving frå mindre skredsikringstiltak i 2017.
3. Konklusjon
Vi føreslær at ufordelt løyving på 5 mill. kr til mindre investeringstiltak vert nytta til planlegging og prosjektering på fv. 633 ved Kleiva i samsvar med Fylkestinget sitt vedtak 8. desember, samt klargjering for sikring av fv. 615 Reddasvora. Fylkesdirektøren er samd i tilrådinga frå Statens vegvesen.